Under prosjektet Frå handskriftsfragment til bokhistorie (2012-2017) blei det eksperimentert med ulike måtar å setje saman fragment til virtuelle handskrift. Sjølv om ein ikkje kjem unna at det meste av boka er borte, kan me gjennom digitale framstillingar nok ein gong bla i nokre av handskriftene frå norske bokkister – kor fragmentariske dei enn måtte vere.
Noreg (Trondheim), 1400-talet
Sekventiariet som her blir kalla Olavssekventiariet, blei truleg produsert i Trondheim på 1400-talet. Det er bevart 14 fragment frå i alt seks blad (ca. 29 x 20 cm), og desse inneheld 11 sekvensar (festhymner), blant anna to Olavssekvensar, Lux illuxit letabunda og Salutamus te rex ave (sistnemnde betre kjend som Predicasti dei care).
Sekvensen var ein populær sjanger i mellomalderen, ikkje minst i Noreg. Sekvensane blei framførte under messa på festdagar, og dei fleste større helgenar hadde ein eller fleire sekvensar skrivne til deira ære.
Den mest spanande nyoppdagina i norsk sekvensforsking på lenge, har komme i tilknyting til identifiseringa av to fragment frå Olavssekventiariet også kalla Seqv 13) i Stockholm, ved den svenske sekvensforskaren Gunilla Björkvall. Opningslina for det som blir tolka som ein ukjend Olavssekvens i eit av dei svenske fragmenta, Salutamus te rex ave, er faktisk den manglande førstestrofa av Olavssekvensen hittil kjend som Predicasti dei care (sjå sidene 19-20 i det virtuelle handskriftet). At Salutamus te rex ave er den eigentlege opninga av Predicasti dei care blei oppdaga under denne rekonstruksjonen til fragment.uib.no i august 2017. Olavssekvensen opnar slik: Salutamus te, rex, ave, qui solvisti nos, Olave, a vinclis perfidie (Me hyllar deg, konge, ver helsa, Olav som løyste oss frå heidendomens lenkjer).
Eit blad frå Olavssekventiariet, NRA, Lat. fragm. 986,8 (bladet med Olavssekvensen Lux illuxit) har nyleg blitt inkludert i Noregs dokumentarv (sjå sidene 11-12 i det rekonstruerte handskriftet).