Virtuelle handskrift

Under prosjektet Frå handskriftsfragment til bokhistorie (2012-2017) blei det eksperimentert med ulike måtar å setje saman fragment til virtuelle handskrift. Sjølv om ein ikkje kjem unna at det meste av boka er borte, kan me gjennom digitale framstillingar nok ein gong bla i nokre av handskriftene frå norske bokkister – kor fragmentariske dei enn måtte vere.

Opphav Missale Breviarium Antifonarium Psalter Lektionarium for tidebøner Breviarium-missale Legendarium Sekventiarium

Sankt Alphegus-missalet

Noreg (Trondheim?), andre halvdel av 1100-talet 

Feiringa av den engelske helgenen Alphegus er eitt av fleire uvanlege trekk ved dette fragmenterte missalet frå 1100-talet. Alphegus (eller Ælfheah), erkebiskop av Canterbury, vart teken som gissel av danskane i 1012. Då han nekta å betala løysepengar, tok dei livet av han, og gjorde han dimed til martyr. Alphegus-kulten hadde lite gjennomslag utanfor England, og dette missalet inneheld den einaste referansen til helgenen som er kjend i Noreg.

Sankt Alphegus-missalet er pusla saman av 41 små til mellomstore fragment i Riksarkivet. Det inneheld delar av liturgien for jul, faste og påske. Liturgiforskaren Lilli Gjerløw registrerte fleire fragment frå missalet i notata sine som Mi 75. Fragmenta var nytta som innbinding på skattelister frå Trondheim, og i dette tilfellet er det godt mogleg at missalet vart skrive og brukt i Trondheim.

Det finst tre skrivarhender blant dei overleverte fragmenta. Musikknotasjonen og dei fargelagde initialane er særs karakteristiske og lette å kjenna att. Eitt av kjenneteikna ved missalet er det avslappa forholdet skrivarane har til linjering og dimensjonar. Det er ei nyttig påminning om at kodikologi er langt meir enn «målestokkens kunst».

Nordlandsmissalet

England eller Frankrike, slutten av 1200-talet

Dette missalet, som har fått namn etter området der det var i bruk etter mellomalderen, vart skrive i England eller Frankrike på slutten av 1200-talet. Dei overleverte fragmenta inneheld songar, bøner og bibellesnader til bruk i tida frå den åttande sundagen før påske til påskehelga. Fleire av dei rekonstruerte blada fylgjer rett etter kvarandre, sjå til dømes epistelen «Libenter suffertis», som tek til nedst på side 6 (folio 2v) og held fram direkte på neste blad (folio 3r, eller side 7).

Det rekonstruerte missalet er om lag 28 cm høgt og 18 cm breitt, med teksten distribuert i to kolonnar på kvar side. Initialane vekslar mellom blå med raude sløyfer og raude med blå sløyfer, medan raudt er nytta til rubrikkane, folieringa («sidetal»), linjefyll og notelinjer, så vel som til å understreka store bokstavar i sjølve teksten. Skrifta er gotisk og elegant, og ser ut til å vera skriven av éi hand, i alle fall i hovudteksten.

Fragmenta frå dette missalet kom frå fire ulike skattelister, alle saman frå det same området av Nord-Noreg (Nordland og Vesterålen), med dateringar som fylgjer rett etter einannan: 1626, 1627, 1628 og 1629. Dette tyder på at missalet, eller delar av det, vart oppbevart på same stad og nytta som innbindingsmateriale der over fleire år. 

Sankt Edvard-missalet

Noreg (Trondheim?), fyrste halvdel av 1100-talet

Dette missalet skil seg ut ved å vera særs mangfaldig i stil og innhald. Dei ulike einingane, registrerte som tre ulike missale (Mi 24, Mi 25 og Mi 64) av liturgiforskaren Lilli Gjerløw, kan koplast saman av di alle har dei same «klønete» sekundære rubrikkane. Tilstanden til manuskriptet tyder på at arbeidet med å setja inn rubrikkar og initialar aldri vart ferdigstilt. Desse har somme stader vorte sett inn meir eller mindre tilfeldig eller der det var heilt nødvendig. Det opphavlege manuskriptet var om lag 28 x 20 cm.

Eitt av kjenneteikna ved manuskriptet er festdagen til den engelske helgenen Edvard, som vart feira 18. mars. Edvard vart konge av England som 13-åring, og myrda av fiendar alt som 16-åring. Sjølv om han ikkje døydde for trua si, oppnådde han martyrstatus. Så vidt me veit, var ikkje Edvard mykje dyrka i Noreg. Det var heller ikkje den franske helgenen Symphorian (22. august), som òg er feira i missalet. Både i stil og innhald er påverknaden klart «anglo-fransk».

Det ser ut til å vera fem ulike skrivarhender i manuskriptet, og to ulike personar har stått for rubrikkane. Den eine av desse står òg bak i det minste somme av initialane. Fragmenta vart nytta til å binda inn skattelister frå Vardøhus og Trondheim, og det er ikkje unaturleg å knyta produksjonen av manuskriptet til Trondheim i dette tilfellet. 

Påskesekvensmissalet

Ukjent opphav, midten eller andre halvdel av 1100-talet

Påskesekvensmissalet er eit vakkert, gåtefullt missale frå midten eller andre halvdel av 1100-talet. Fragmenta kjem både frå dei generelle festdagane i kyrkjeåret (temporale), fyrst og fremst vekene før påske, og frå helgenfestane (sanctorale). Helgenfestane er Peter og Paulus i juni, og Marias himmelfart i august. Det er mogleg at temporale- og sanctoralefeiringane var kombinerte i éi bok. Frå same bok finn me òg fragment frå til dømes dødsmesser.

To fragment med tekst av den same skrivaren inneheld ein sekvens (ein type song), Fulgens preclara, for påskedag. Er fragmenta frå same bok, eller frå ei separat sekvensbok? Om dei kjem frå same bok (noko som er sannsynleg), var då sekvensen plassert saman med resten av påskeliturgien, eller saman med andre sekvensar lengst bak i boka? Sidan andre fragment stammar frå den delen av boka som kjem direkte før påskedag (femte sundag i fastetida og palmesundag), er det ikkje usannsynleg at sekvensen var integrert med resten av liturgien i kyrkjeåret.

På grunn av det «ikkje-heilt-engelske» inntrykket missalet gjev, har Noreg vorte føreslått som opphavsland, men boka kan òg ha kome frå England, eller frå områda rundt Den engelske kanalen, som til dømes Flandern. 

Langfredagsmissalet

England, midten av 1100-talet

Det finst 23 fragment frå dette missalet, som truleg blei skrive i England rundt midten av 1100-talet. Boka målte opprinneleg ca. 35 x 26,5 cm. Teksten var fordelt på to kolonner og hadde enkel, men fine initialar i rødt, blått og grønt. 

Missalet har fått mest merksemd for Langfredagsliturgien. Ifølge liturgi-forskaren Lilli Gjerløw (som ga handskriftet namnet Mi 12) er innhaldet ein kombinasjon av dei eldre engelske klosterinstruksane (Regularis Concordia frå ca. 970) og Decreta Lanfranci, som blei innførte eit århundre seinare av Lanfranc, erkebiskop av Canterbury (1070-1089). Lanfranc hadde først og fremst Christ Church, Canterbury, i tankane, men Decreta Lanfranci blei også tatt opp av andre, tilknytta kloster. Vårt missale fylgjer i det store og heile Lanfranc, men har inkludert dei gamle Langfredagsbønene og korsritualet (sjå fol. 8).

Eit anna norsk missalefragment, MS 1549,2 i Universitetsbiblioteket i Bergen, inneheld også Langfredagsliturgien.

Tønsberg-breviariet

Frankrike, 1200-talet

Dette breviariet er sett saman av fjorten fragment nytta som innbinding på ni ulike skattelister frå Tønsberg. Det rekonstruerte handskriftet inneheld fleire songar og éin lesetekst til bruk for fleire dagar: Sankt Stefan, Kristi openberringsdag, onsdag og torsdag etter fyrste sundag etter Kristi openberringsdag, niande og sjuande sundag før påske, påske, Peter og Paulus, og Peters lekkjer. Desse dagane er spreidde gjennom året, noko som tyder på at heile eller mesteparten av boka vart nytta som innbindingsmateriale i Tønsberg.

Det rekonstruerte breviariet er om lag 250 mm høgt og 200 mm breitt, med teksten i éin kolonne. Skrifta er lita, rund og godt utført, med initialar og store forbokstavar i blått og raudt. Musikken er notert med kvadratnotasjon på notelinjer, eit klart teikn på at boka vart laga på 1200-talet.  

Sankt Edmund-antifonariet

Noreg (Bergen, ca. 1200-1225)

Sankt Edmund-antifonariet er eitt av dei fire kjende manuskripta frå handa til Homiliebokskrivaren, som var aktiv i Bergen ca. 1200-1225. Det viktigaste verket hans er (slik namnet tyder på) Gammalnorsk homiliebok, den eldste overleverte boka skriven på folkemålet. Skrivaren var truleg kantor anten ved domkapitlet i Bergen, eller ved det augustinske Jonsklosteret tvers over hamna.

Ein av dei mange festdagane i antifonariet tilhøyrer Sankt Edmund, som vart feira 20. november. Sankt Edmund, konge i Aust-Anglia, skal ha vorte drepen av danskane i 869. Seinare i mellomalderen vart han ein av dei viktigaste helgenane i England.   

Det var liturgiforskaren Lilli Gjerløw som namngav antifonariet etter Sankt Edmund, på grunn av at boka inneheldt officiet hans. Antifonariet inneheldt òg feiringa av mange andre helgenar, inkludert Heilag Olav (29. juli). Etter Lilli Gjerløws tid har Gisela Attinger identifisert to nye fragment frå manuskriptet,  slik at det totale talet på fragment no er 35.  

Sankta Lucia-antifonariet

Noreg (Bergen), ca. 1200-1225

Det såkalla Sankta Lucia-antifonariet er tett knytt til Sankt Edmund-antifonariet, sidan Homiliebokskrivaren i Bergen var med på å laga båe bøkene. I Sankta Lucia-antifonariet sette han inn rubrikkar, initialar, musikknotasjon og korreksjonar, medan tre andre skrivarar stod for sjølve teksten. Antifonariet er produktet av ein institusjon der minst fire personar arbeidde saman for å skapa ei bok, sjølv om somme av desse kan ha vore under opplæring.

Sankta Lucia-antifonariet inneheld musikk til bruk for feiringar i ulike delar av kyrkjeåret: advent, jul og påske. Sankta Lucia er den einaste helgenen som er til stades i dei fragmenta som er att av boka.

Kor viktig dette antifonariet er, vart oppdaga av Michael Gullick og Gisela Attinger, som båe drog kjensel på Homiliebokskrivaren i handskriftet: Gullick i den eine overlevande initialen, Attinger i musikknotasjonen. 

Eit antifonarium frå Nidaros

Frankrike, seint 1100-tal

Dette antifonariet vart nytta som innbinding på skattelister frå Trondheim 1627 og 1628. Det er mogleg at boka vart nytta i Nidaros bispedømme i mellomalderen – kanskje i sjølve byen Nidaros (Trondheim). Antifonariet har overlevd i åtte fragment frå tre blad, og inneheld songar for onsdag, fredag og laurdag per annum (sokalla ordinær tid, dvs. som ikkje er del av ei særskild høgtid), og for andre sundag etter Kristi openberringsdag.

Boka gjev eit generelt inntrykk av å vera ein bruksgjenstand heller enn ein pyntegjenstand, sidan ho manglar dekorasjonar anna enn initialane i grønt, raudt og blått. Notelinene er teikna i lys oransje; den same fargen er nytta til rubrikkane.

Opphavleg var nok breidda på bladet rundt 200 mm, og det skrivne området rundt 140 mm. Boka var difor ikkje blant dei store antifonaria som ofte vart nytta til felles feiring av tidebønene, men derimot lita nok til å vera praktisk med tanke på reising. Skrifta og bruken av grøne initialar peikar mot eit opphav langs kysten av Nord-Frankrike – kanskje antifonariet vart kjøpt der av ein geistleg på reisefot, som deretter tok med seg boka til Nidaros?

Eit antifonarium frå Flandern

Flandern (eller Frankrike), trettenhundretallet

Nokre bøker har ei særs komplisert historie, både frå tida då dei var i bruk og etter at dei blei øydelagde. Dette antifonariet var truleg skrive i Flandern eller Frankrike på 1300-talet, men blei skore opp i Danmark slik at pergamentet kunne gjenbrukast i innbindingar av rekneskap. Delar av boka blei gjenbrukte i Danmark, andre blei tatt med til Noreg og gjenbrukte der i åra 1611-1619. Å komme til dette punktet i rekonstruksjonen har tatt mange tiår, og fleire forskjellige forskarar har vore involverte.  

Dei gjenverandre 39 fragmenta er frå til saman 14 blad som opprinneleg målte ca. 50 x 38 cm. Innhaldet omfattar liturgien for både søndagar i kyrkjeåret og helgendagar om einannan, så det er rimeleg at antifonariet synte kyrkjeåret under eitt, heller enn å skilje ut helgenfestane i ein eigen del av boka (sanctorale).

Eit av dei slåande trekka ved boka er dei dekorerte initialane. Det er eit hierarki i to nivå: det høgare nivået har initialar med pennedekorasjon i rødt og blått, det lågare nivået har svarte bokstavar med fantasifigurar, dekorert med gul farge.

Sognepsalteret

England, ca. 1200

Dette vesle psalteret (ca. 18 x 13 cm) var ein gong ei vakker bok, med illuminerte initialar. Boka vart laga i England rundt år 1200, og var nok ein kosteleg eigedel då ho fyrst kom til Noreg. Dei 24 fragmenta er alle frå den siste delen av psalteret, og i tillegg til Davidssalmane inneheld nokre av fragmenta tre andre lovsongar frå Det gamle testamentet.

Ved ottesong (laudes) om morgonen vart sju av lovsongane sungne kvar veke. I psalteret vårt har me Moses’ lovsong (torsdag), Habakkuks lovsong (fredag) og Moses’ andre lovsong frå femte Mosebok (laurdag).

Psalteret vart nytta til å binda inn skattelister frå Sogn i åra 1642–45. Sidan ingen fragment frå boka har dukka opp på skattelister frå andre delar av landet, var handskriftet truleg funne og teke frå einannan lokalt.  Dette er eit godt døme på ei bok som var for lita til å vera ettertrakta som innbindingsmateriale i større sentra, som København og Stockholm. Fragment frå små bøker er ganske vanlege i Noreg, men sjeldne i Danmark og Sverige. 

Det resirkulerte psalteret

Noreg eller Island, ca. 1200

Totalt 13 fragment har vorte kopla til eit relativt stort psalter som vart skrive rundt år 1200. Boka var over 30 cm høg og rundt 22 cm brei. Dei overleverte fragmenta inneheld delar av salme 53–144 frå dei gammaltestamentlege Davidssalmane.

Me finn fleire trekk som peikar mot eit norsk eller islandsk opphav, til dømes i skrifta, i fargebruken og i dekorasjonane. Sjølv om dette psalteret ikkje var av dei mest prangande, har det likevel vore eit flott og fargerikt verk som må ha gjort inntrykk på dei som kom i kontakt med det.

Fleire av fragmenta er mørke og slitne, og somme ser ut til å innehalda spor av lim. Dette tyder på at i det minste somme av fragmenta vart nytta til andre føremål før dei vart resirkulerte som innbindingsmateriale på 1600-talet. 

Pasjonslektionariet

Noreg, midten av 1100-talet

Dette lektionariet til bruk for tidebønene er det einaste som inneheld to heile veker med liturgi, nærare bestemt dei siste to vekene av fasta, kjend som pasjonstida. Utvalet av tekstar for desse to vekene er særleg interessant, sidan dei førebur tilhøyrarane på den største kristne høgtida, påsken. I samsvar med dette tek tekstane opp tema som omvending, førebuing og oppstode.

Lektionariet er ganske ordinært, med ein moderat sidestorleik på 315 x 218 mm og ingen dekorasjonar. Initialane manglar, men skrivaren har sjølv sett inn rubrikkar i raudt. Pergamentet er tjukt og ujamt, og det finst fleire hòl i overflata der dyrehuda har teke skade. Skrivaren, derimot, er dugande og gjer få feil. Han kan ha arbeidd i ein mindre institusjon, til dømes ei soknekyrkje i eit bymiljø der dei produserte manuskript til eigen bruk.

Fragmenta vart nytta som innbinding på skattelister frå den søraustlege delen av Noreg. Frå 1602 til 1613 vart dei årlege skattelistene frå Verne bundne inn ved hjelp av fragment frå den same delen av dette leksjonariet. Denne innbindinga må ha gått føre seg lokalt, og ho avgrensar seg til tida då Peder Madsen Laxmand var lensherre. To fragment frå ein annan del av lektionariet var festa til skattelistene for Follo fogderi 1613 og 1614. Det ser ut til at etter at Peder Madsen døydde i 1613, vart resten av Pasjonslektionariet sendt til Akershus slott saman med dei andre eigendelane hans, eller det hamna i det nærliggjande Follo. 

Det islandske breviarium-missalet

Island (eller Noreg), ca. 1250

Dette breviarium-missalet i lommeformat er eit døme på kor tette banda var mellom Island og Noreg, òg når det galdt liturgiske bøker. Handskriftet vart truleg skrive rundt 1250, anten på Island eller av ein islandsk skrivar i Noreg. Det må ha vore ei særs hendig bok for presten som åtte henne, sidan ho målte berre rundt 20 x 14 cm og inneheldt all liturgien både for messa og tidebønene. Det islandske breviarium-missalet vart truleg teke frå einannan i Stavanger rundt år 1650.

Dei fem overleverte blada inneheld songar med musikknotasjon, bøner og tekstlesnader for andre halvdel av august: Marias himmelfart (15. august), oktaven for Sankt Laurentius (17. august) og festdagen til Sankt Bartolomeus (24. august).

Sidan liturgien var i tråd med Nidaros-ritane, er det truleg at fleire fragment frå denne boka ville ha gjeve oss opplysingar me no manglar, særleg om feiringa av Sankt Hallvard (15. mai) og Sankta Sunniva og Seljemennene (8. juli). Dessutan inneheld boka fleire døme på sekvenssjangeren, og kunne såleis ha vore ei verdfull kjelde til tradisjonen og bruken av sekvensar i Nidaros. 

Eit legendarium frå Nord-Frankrike

Nord-Frankrike, ca. 1200

Dette fine legendariet blei truleg skrive i Nord-Frankrike ca. 1200. Handskriftet målte opprinneleg ca. 41 x 30 cm, og var ei bok i såkalla folio-format. Sytten fragment av varierande storleik er fordelte på forskjellige samlingar i Noreg, Sverige og Danmark, men er her sette saman digitalt.

Legendariet, som inneheld tekstar om helgenar og deira mirakel, blei truleg frakta frå Nord-Frankrike til Lund i mellomalderen, då Lund var dansk erkebispesete. Etter Reformasjonen lei boka same skjebne som så mange andre, som innbindingsmateriale for rekneskap for den danske kongelege administrasjon på 15- og 1600-talet. Delar av handskriftet blei også frakta til Noreg og gjenbrukt her.

Fleire av helgenane i handskriftet har truleg ikkje vore dyrka i Skandinavia, og syner ei tilknyting til Nord-Frankrike, som Sankta Aldegunde av Maubeuge, Sankt Silvinus av Auchy (d. 717/18), Sankt Humbert av Maroilles (d. 680) (feira 6. september i Cambrai og Maubeuge), Sankta Regine (av Alise), Sankt Adrian of Nikomedia (skytshelgen for Grammont/Geerardsbergen i dagens Belgia), Sankt Omer av Thérouanne (d. ca. 699), og Sankt Sadalberga av Laon.

To blad med same skrivarhand er identifiserte, som inneheld ein tekst av Gaufridus, eller Geoffrey av Auxerre. Geoffrey var sekretær og biograf for den store Bernard av Clairvaux, og var abbed for fleire kloster, inkludert Cisterciensarklosteret Clairvaux. Det er mogleg at legendariet kan vere eit vitnesbyrd om kontakt mellom Nord-Frankrike og Danmark gjennom det Cisterciensiske nettverket.

Olavssekventiariet

Noreg (Trondheim), 1400-talet

Sekventiariet som her blir kalla Olavssekventiariet, blei truleg produsert i Trondheim på 1400-talet. Det er bevart 14 fragment frå i alt seks blad (ca. 29 x 20 cm), og desse inneheld 11 sekvensar (festhymner), blant anna to Olavssekvensar, Lux illuxit letabunda og Salutamus te rex ave (sistnemnde betre kjend som Predicasti dei care).

Sekvensen var ein populær sjanger i mellomalderen, ikkje minst i Noreg. Sekvensane blei framførte under messa på festdagar, og dei fleste større helgenar hadde ein eller fleire sekvensar skrivne til deira ære.

Den mest spanande nyoppdagina i norsk sekvensforsking på lenge, har komme i tilknyting til identifiseringa av to fragment frå Olavssekventiariet også kalla Seqv 13) i Stockholm, ved den svenske sekvensforskaren Gunilla Björkvall. Opningslina for det som blir tolka som ein ukjend Olavssekvens i eit av dei svenske fragmenta, Salutamus te rex ave, er faktisk den manglande førstestrofa av Olavssekvensen hittil kjend som Predicasti dei care (sjå sidene 19-20 i det virtuelle handskriftet). At Salutamus te rex ave er den eigentlege opninga av Predicasti dei care blei oppdaga under denne rekonstruksjonen til fragment.uib.no i august 2017. Olavssekvensen opnar slik: Salutamus te, rex, ave, qui solvisti nos, Olave, a vinclis perfidie (Me hyllar deg, konge, ver helsa, Olav som løyste oss frå heidendomens lenkjer).

Eit blad frå Olavssekventiariet, NRA, Lat. fragm. 986,8 (bladet med Olavssekvensen Lux illuxit) har nyleg blitt inkludert i Noregs dokumentarv (sjå sidene 11-12 i det rekonstruerte handskriftet).