Bøkene som vart laga i Noreg i mellomalderen, eller som kom hit utanfrå, var viktige og verdfulle gjenstandar. Endringar i samfunnet førte til endringar i statusen til bøkene. Etter reformasjonen i 1536/1537 gjekk dei latinske bøkene i Noreg ut av bruk. Det solide pergamentet dei var skrivne på, kunne likevel nyttast. Attvinninga av pergamentet frå mellomalderhandskriftene førte til at dei var skorne opp og øydelagde, men den same attvinninga gjorde òg at dei delvis overlevde.
Tusenvis av blad vart nytta som innbinding av norske skattelister etter påbod frå den kongelege administrasjonen i Danmark i løpet av 1600- og 1700-talet. Då Det norske riksarkivet vart stifta i 1825, vart skattelistene sende attende til Noreg, og fragmenta fylgde med. Størstedelen av dei norske handskriftsfragmenta er i dag lagra i Riksarkivet i Oslo.
Dei fleste mellomalderbøkene vart skrivne på pergament, som er laga av dyrehud. Etter at huda var reinsa, tørka og preparert, vart pergamentet skore i blad på storleik med to sider, plassert oppå einannan, bretta langs midten og sydd saman til eit «hefte». Ei bok kunne deretter lagast ved å sy saman desse hefta. Ein eller fleire skrivarar skreiv teksten inn i heftet for hand; dei lét det stå att plass til dekorasjonar, om slike skulle vera med.
Bøker vart nytta i kyrkjer, kloster og skular, men òg av privatpersonar. Sidan pergament var dyrt og tok lang tid å laga, og sidan alt måtte kopierast for hand, var bøker eit luksusprodukt. Eit staseleg dekortert og fint utført handskrift ville vera eit mektig statussymbol for eigaren. Samstundes var mange bøker ganske enkle og fungerte fyrst og fremst som uttrykksmiddel for innhaldet, om det no var liturgi, teologi eller lovtekstar.
Dersom det tekstlege innhaldet i ei bok ikkje lenger vart sett på som nyttig, kunne pergamentet brukast om att til andre føremål. I Noreg, og særleg etter reformasjonen i 1536/1537, vart mellomalderhandskriftene skorne opp og brukte som innbindingsmateriale for skattelister og protokollar. Desse protokollane vart deretter sende til sentraladministrasjonen i København.
Etter at unionen med Danmark vart oppløyst i 1814, vart dei fleste skattelistene sende attende til Noreg og lagra i det nye Riksarkivet. Mot midten av 1800-talet vart det oppdaga at skattelistene var bundne inn ved hjelp av fragment frå mellomalderhandskrifter. I løpet av dei neste tiåra vart dei fleste fragmenta, totalt kring 6000, fjerna frå skattelistene og samla i konvoluttar.
Sidan fragmenta vart fjerna frå skattelistene, har mykje informasjon om bruken deira som innbindingsmateriale gått tapt. Men det at fragmenta vart fjerna, gjer det òg lettare for dagens forskarar å pusla saman ulike fragment og identifisera dei. Når fragment frå ulike konvoluttar kan leggjast ved sidan av einannan og samanliknast, vert det lettare å sjå om dei kjem frå same bok. Deretter kan me setja fragmenta saman til delar av ein heilskap – ei virtuell bok.