Eit mellomaldermanuskript er, slik namnet tyder på, handskrive (manu scripta = skriven for hand). Gjennom mesteparten av mellomalderen føretrekte ein å skriva på pergament, som er laga av dyrehud. Storleiken på huda og kor mange gonger ho var bretta saman (til eit såkalla legg), avgjorde storleiken på ei bok: Denne kunne vera alt frå i lommestorleik til ein halvmeter høg. Etter at boka var skriven, vart legga eller «hefta» sydde saman og utstyrt med ein perm av tre.
Sidan det er skrive for hand, kan eit mellommanuskript innehalda meir informasjon enn berre tekst. Det er i høg grad ein gjenstand og eit materielt objekt som kan avsløra mykje interessant om opphavsmennene sine, så vel som om tida og staden der det vart laga. Handskrifta til ein skrivar, til dømes, kan fortelja oss noko om korleis og kvar vedkomande vart lært opp, og når han arbeidde. Kvaliteten på materiala kan seia noko om konteksten der boka vart til, til dømes kven ho var meint for.
Mellomaldermanuskript er særs varierte når det gjeld innhald og form: Dei kan innehalda avansert lærdom eller rein underhalding, dei kan vera rikt utsmykka kunstverk, eller grunnleggjande enkle og kvardagslege. Dei fleste norske fragmenta er likevel frå nøkterne liturgiske bøker.
Bruken av songar, bøner og lesetekstar i messa og tidebønene var så omfattande i løpet av kyrkjeåret at det ville ha vore umogleg å halda styr på alt utan bøker.
Tidlegare i mellomalderen var boktypane spesialiserte: Bøner var i éi bok, songar i ei anna, lesetekstar i ei tredje. Etter kvart utvikla det seg «alt-i-eitt»-boktypar: missalet, som inneheldt songar, bøner og lesnader for messa, og breviariet, som inneheldt songar, bøner og lesnader for tidebønene. Songane vart framleis samla i eigne boktypar: gradualet til messebruk og antifonariet til tidebønene.
Missalet er boka presten brukar for å halda messe. Boka inneheld dei songane, bønene og skriftlesnadene som trengst ved dei ulike messefeiringane i løpet av kyrkjeåret. Eit missale kan vera med eller utan musikknotasjon. (Dersom missalet mangla musikknotasjon, vart det vanlegvis supplert med eit graduale.)
Missalet er den boktypen som er mest representert blant dei norske fragmenta. Somme av missala er ganske enkle, andre meir eller mindre dekorerte.
Breviariet vert brukt til tidebønene. Det er ei omfattande bok som inneheld alle instruksjonane og tekstane som trengst til ein full syklus av daglege bøner. Dei fleste breviarium har ulike seksjonar: kalender, psalter, temporale (tekstar til bruk for vekedagane, sundagar og festdagar i løpet av året), sanctorale (tekstar til bruk for helgenfeiringar) og fellesliturgi for lågare helgenar.
Ein kan sjå på breviariet som eit kompendium av tidebønsleksjonarium, psalter, antifonarium, collectarium (bønebok) og hymnebok. Bønene og lesetekstane står i den rekkjefylgja dei skulle framførast i.
Den liturgiske boka me kallar «graduale», inneheld songar til bruk ved messa, inkludert musikknotasjon. Gradualet vart laga til bruk for schola cantorum, eller koret, som ikkje hadde bruk for bøner eller lesetekstar.
Songane for tidebønene var samla i eit antifonarium. Denne liturgiske boka inneheldt dei sungne elementa med musikknotasjon til bruk for nattlege og daglege tidebøner, til bruk for schola cantorum, eller koret.
Psalteret var ein essensiell boksjanger i mellomalderen, og spesielt mykje nytta i tidebønene. Hovudinnhaldet var dei 150 Davidssalmane frå Det gamle testamentet. Fremst i psalteret fanst det eit kalendarium med oversyn over alle helgenfestane i kyrkjeåret. Lengst bak inneheldt ofte boka lovsongane frå Det gamle og nye testamentet, bøner og stundom liturgien for dei døde eller for Maria.
Somme psalter er rikt dekorerte og slåande døme på mellomalderkunst. Andre er enkle bøker til kvardagsbruk, snarare enn statusobjekt. Psalteret var ei av dei vanlegaste bøkene i mellomalderen; det var nytta til å læra barn å lesa, det var ofte laga for og ått av kvinner, og det var ei av standardbøkene i boksamlingane hjå kyrkjer og kloster.
Den liturgiske bruken av psalteret gjorde at visse salmar ofte vart understreka med illuminerte initialar. Desse var som regel salme 1 (Beatus vir), 26 (Dominus illuminatio mea), 38 (Dixi custodiam vias meas), 52 (Dixit insipiens in corde suo), 68 (Salvum me fac Deus), 80 (Exultate Deo), 97 (Cantate Domino) og 109 (Dixit Dominus).
Tidebønsleksjonariet vert, slik namnet tilseier, nytta til tidebønene. Boka inneheld korte tekstar frå Bibelen, kyrkjefedrane og andre religiøse forfattarar. Desse tekstane vert òg kalla lesnader, og dei kjem i grupper på tre, ni, eller tolv lesnader alt etter kva dag dei er berekna på.
Tidebønsleksjonariet må brukast ved sidan av andre bøker for tidebønene: antifonariet, psalteret, hymneboka og collectariet. Desse kan òg integrerast i breviariet.
Som boktype var tidebønsleksjonariet særleg populært på 1100-talet. Denne boktypen utgjer rundt 4 % av fragmentsamlinga.
Messeleksjonariet vert nytta under messa. Det inneheld bibeltekstane som skal lesast på bestemte dagar: lesnadene frå Det gamle testamentet, epistlane og evangelia. Tekstane står i den rekkjefylgja dei skal lesast i gjennom kyrkjeåret. Messeleksjonarium kjem ofte i to bind: temporaledelen for vekedagar, sundagar og festdagar, og sanktoraledelen for helgenfestane.
Hovudelementa i messa er bibellesnadene og nattverden. Messa skil seg frå, og utfyller, tidebønene. I tillegg til epistel- og evangelielesnadene er Bibelen hovudkjelda til dei liturgiske songane.
Både i Noreg og andre stader var dei viktigaste bøkene under gudstenesta missalet, gradualet og messeleksjonariet. Strukturen på messa var som fylgjer:
Introitus (ein inngangssalme)
Kyrie eleison
Gloria in excelsis
Oratio collecta (bøn)
Epistola (lesnad frå Det nye testamentet)
Graduale (song)
Alleluja
Sequentia (song)
Evangelium (lesnad frå Det nye testamentet)
Credo (truvedkjenninga)
Offertorium (song til prosesjonen)
Praefatio: Vere dignum – Sanctus – Benedictus
Kanon: Te igitur, vigsling av brød og vin
Oratio super oblata (bøn, òg kjend som secreta)
Pater noster (Fadervår)
Agnus Dei
Communio (nattverd)
Communio (salme)
Oratio ad complendum (bøn, òg kjend som postcommunio)
Ite missa est/Benedicamus Domino
Tidebønene er ein liturgisk rutine utøvd dagleg av alle medlemmer i presteskapet og religiøse ordenar. I mellomalderen fanst det åtte tidebøner, òg kalla horae. Alle horae inneheld dei same grunnleggjande elementa: bøner, ulike typar songar, salmeresitasjonar og tekstlesnader, som går føre seg i ei spesifikk, fastlagd rekkjefylgje.
Når på dagen tidebønene vart feira, vart bestemt av romerske tider. Desse baserer seg på ei inndeling av dagen i tolv timar frå soloppgang til solnedgang. Dermed er ein romersk time mykje kortare om sommaren. Tidene nedanfor viser til 21. mars.
Matutinae (matutin, ved den åttande nattetimen, kl. 2)
Laudes (laudes/ottesong, ved daggry, kl. 05.30)
Prima (prim, ved den fyrste timen, kl. 6)
Tertia (ters, ved den tredje timen, kl. 9)
Sexta (sext, ved den sjette timen, kl 12)
Nona (non, ved den niande timen, kl. 15)
Vesperae (vesper, før det vert mørkt, 16.30)
Complet (kompletorium, ved leggjetid)
Kyrkjeåret er rekkjefylgja av vekedagar, sundagar og festdagar ordna etter liturgisk rang. Rekkjefylgja er styrt av omsynet til to typar festdagar. Varierande festdagar fell på ulike dagar kvart år, alt etter når påsken er. Datoen for påsken vert utrekna på grunnlag av sol- og månekalenderen. Døme på festdagar med varierande dato er alle dagane i fastetida, påsken, pinsen og sundagane i sommartida. Fastlagde festar, på si side, fell alltid på same dato. Døme på fastlagde festar er jul, Kristi openberringsdag (Epifani) og alle helgenfestar. I tillegg til dette vart større festar feira med ein oktav, det vil seia ein spesiell liturgi for dei sju neste dagane.
For å få desse to typane festdagar til å passa saman, vart talet på sundagar etter Kristi openberringsdag og etter pinsen tilpassa datoen for påsken. Når påsken kom ekstra tidleg, ville det vera éin sundag etter Kristi openberringsdag, men 28 sundagar etter pinsen. Med ein sein påske ville det vera seks sundagar etter Kristi openberringsdag og 23 sundagar etter pinsen. Dette er den generelle oppbygninga av kyrkjeåret:
Dominica I–IV Adventus (fyrste til fjerde sundag i advent)
Nativitas Domini (jul, 25. desember)
Circumcisio (Jesu omskjering, 1. januar)
Epiphania (Kristi openberringsdag/heilage tre kongars dag, 6. januar)
*Dominica I–VI Epiphaniae (fyrste til sjette sundag etter Kristi openberringsdag)
Septuagesima (niande sundag før påske)
Sexagesima (åttande sundag før påske)
Quinquagesima (sjuande sundag før påske)
Dominica I–IV Quadragesimae (fyrste til fjerde sundag i fastetida, sjette til tredje sundag før påske)
In passione Domini (pasjonssundag, andre sundag før påske)
Dominica palmarum (palmesundag, sundagen før påske)
Skirtorsdag, langfredag, påskeaftan
Dies Paschae (påskedag)
Dominica I–VI Paschae (fyrste til sjette sundag etter påske)
Dies Pentecostes (pinse)
*Dominica I–XXVIII Pentecostes (fyrste til tjueåttande sundag etter pinse)