Fragment.uib.no spring ut av forskingsprosjektet «Frå handskriftfragment til bokhistorie» (2012-2017). Prosjektet var finansiert av Universitetet i Bergen og Bergen Forskningsstiftelse.
Prosjektet
«Frå handskriftfragment til bokhistorie: Noreg og europeisk manuskriptkultur 1100-1300» var eit forskingsprosjekt som tok til i 2012 og som blei avslutta til sommaren i 2017. I løpet av dei fem åra prosjektet varte, undersøkte me eit utval av dei om lag 6500 fragmenta frå mellomalderbøker i norske samlingar. Du kan lesa meir om prosjektet her.
Personane
Fire forskarar var tilknytte prosjektet:
Åslaug Ommundsen, prosjektleiar
Astrid Marner, postdoktor
Synnøve Midtbø Myking, Ph. D.-kandidat
Michael Gullick, forskar
Bakgrunnsbileta
Manuskripta og fragmenta du ser på bakgrunnsbileta finst i Universitetsbiblioteket i Bergen. Dei mest framståande manuskripta er Universitetsbiblioteket i Bergen MS 28 og MS 504. Me ynskjer å takka biblioteket for samarbeidet. Fotografia er tekne av Øystein Klakegg.