Virtuelle handskrift

Under prosjektet Frå handskriftsfragment til bokhistorie (2012-2017) blei det eksperimentert med ulike måtar å setje saman fragment til virtuelle handskrift. Sjølv om ein ikkje kjem unna at det meste av boka er borte, kan me gjennom digitale framstillingar nok ein gong bla i nokre av handskriftene frå norske bokkister – kor fragmentariske dei enn måtte vere.

Eit legendarium frå Nord-Frankrike

Nord-Frankrike, ca. 1200

Dette fine legendariet blei truleg skrive i Nord-Frankrike ca. 1200. Handskriftet målte opprinneleg ca. 41 x 30 cm, og var ei bok i såkalla folio-format. Sytten fragment av varierande storleik er fordelte på forskjellige samlingar i Noreg, Sverige og Danmark, men er her sette saman digitalt.

Legendariet, som inneheld tekstar om helgenar og deira mirakel, blei truleg frakta frå Nord-Frankrike til Lund i mellomalderen, då Lund var dansk erkebispesete. Etter Reformasjonen lei boka same skjebne som så mange andre, som innbindingsmateriale for rekneskap for den danske kongelege administrasjon på 15- og 1600-talet. Delar av handskriftet blei også frakta til Noreg og gjenbrukt her.

Fleire av helgenane i handskriftet har truleg ikkje vore dyrka i Skandinavia, og syner ei tilknyting til Nord-Frankrike, som Sankta Aldegunde av Maubeuge, Sankt Silvinus av Auchy (d. 717/18), Sankt Humbert av Maroilles (d. 680) (feira 6. september i Cambrai og Maubeuge), Sankta Regine (av Alise), Sankt Adrian of Nikomedia (skytshelgen for Grammont/Geerardsbergen i dagens Belgia), Sankt Omer av Thérouanne (d. ca. 699), og Sankt Sadalberga av Laon.

To blad med same skrivarhand er identifiserte, som inneheld ein tekst av Gaufridus, eller Geoffrey av Auxerre. Geoffrey var sekretær og biograf for den store Bernard av Clairvaux, og var abbed for fleire kloster, inkludert Cisterciensarklosteret Clairvaux. Det er mogleg at legendariet kan vere eit vitnesbyrd om kontakt mellom Nord-Frankrike og Danmark gjennom det Cisterciensiske nettverket.