Under prosjektet Frå handskriftsfragment til bokhistorie (2012-2017) blei det eksperimentert med ulike måtar å setje saman fragment til virtuelle handskrift. Sjølv om ein ikkje kjem unna at det meste av boka er borte, kan me gjennom digitale framstillingar nok ein gong bla i nokre av handskriftene frå norske bokkister – kor fragmentariske dei enn måtte vere.
Noreg, midten av 1100-talet
Dette lektionariet til bruk for tidebønene er det einaste som inneheld to heile veker med liturgi, nærare bestemt dei siste to vekene av fasta, kjend som pasjonstida. Utvalet av tekstar for desse to vekene er særleg interessant, sidan dei førebur tilhøyrarane på den største kristne høgtida, påsken. I samsvar med dette tek tekstane opp tema som omvending, førebuing og oppstode.
Lektionariet er ganske ordinært, med ein moderat sidestorleik på 315 x 218 mm og ingen dekorasjonar. Initialane manglar, men skrivaren har sjølv sett inn rubrikkar i raudt. Pergamentet er tjukt og ujamt, og det finst fleire hòl i overflata der dyrehuda har teke skade. Skrivaren, derimot, er dugande og gjer få feil. Han kan ha arbeidd i ein mindre institusjon, til dømes ei soknekyrkje i eit bymiljø der dei produserte manuskript til eigen bruk.
Fragmenta vart nytta som innbinding på skattelister frå den søraustlege delen av Noreg. Frå 1602 til 1613 vart dei årlege skattelistene frå Verne bundne inn ved hjelp av fragment frå den same delen av dette leksjonariet. Denne innbindinga må ha gått føre seg lokalt, og ho avgrensar seg til tida då Peder Madsen Laxmand var lensherre. To fragment frå ein annan del av lektionariet var festa til skattelistene for Follo fogderi 1613 og 1614. Det ser ut til at etter at Peder Madsen døydde i 1613, vart resten av Pasjonslektionariet sendt til Akershus slott saman med dei andre eigendelane hans, eller det hamna i det nærliggjande Follo.