Virtuelle handskrift

Under prosjektet Frå handskriftsfragment til bokhistorie (2012-2017) blei det eksperimentert med ulike måtar å setje saman fragment til virtuelle handskrift. Sjølv om ein ikkje kjem unna at det meste av boka er borte, kan me gjennom digitale framstillingar nok ein gong bla i nokre av handskriftene frå norske bokkister – kor fragmentariske dei enn måtte vere.

Sognepsalteret

England, ca. 1200

Dette vesle psalteret (ca. 18 x 13 cm) var ein gong ei vakker bok, med illuminerte initialar. Boka vart laga i England rundt år 1200, og var nok ein kosteleg eigedel då ho fyrst kom til Noreg. Dei 24 fragmenta er alle frå den siste delen av psalteret, og i tillegg til Davidssalmane inneheld nokre av fragmenta tre andre lovsongar frå Det gamle testamentet.

Ved ottesong (laudes) om morgonen vart sju av lovsongane sungne kvar veke. I psalteret vårt har me Moses’ lovsong (torsdag), Habakkuks lovsong (fredag) og Moses’ andre lovsong frå femte Mosebok (laurdag).

Psalteret vart nytta til å binda inn skattelister frå Sogn i åra 1642–45. Sidan ingen fragment frå boka har dukka opp på skattelister frå andre delar av landet, var handskriftet truleg funne og teke frå einannan lokalt.  Dette er eit godt døme på ei bok som var for lita til å vera ettertrakta som innbindingsmateriale i større sentra, som København og Stockholm. Fragment frå små bøker er ganske vanlege i Noreg, men sjeldne i Danmark og Sverige. 

Det resirkulerte psalteret

Noreg eller Island, ca. 1200

Totalt 13 fragment har vorte kopla til eit relativt stort psalter som vart skrive rundt år 1200. Boka var over 30 cm høg og rundt 22 cm brei. Dei overleverte fragmenta inneheld delar av salme 53–144 frå dei gammaltestamentlege Davidssalmane.

Me finn fleire trekk som peikar mot eit norsk eller islandsk opphav, til dømes i skrifta, i fargebruken og i dekorasjonane. Sjølv om dette psalteret ikkje var av dei mest prangande, har det likevel vore eit flott og fargerikt verk som må ha gjort inntrykk på dei som kom i kontakt med det.

Fleire av fragmenta er mørke og slitne, og somme ser ut til å innehalda spor av lim. Dette tyder på at i det minste somme av fragmenta vart nytta til andre føremål før dei vart resirkulerte som innbindingsmateriale på 1600-talet.