Under prosjektet Frå handskriftsfragment til bokhistorie (2012-2017) blei det eksperimentert med ulike måtar å setje saman fragment til virtuelle handskrift. Sjølv om ein ikkje kjem unna at det meste av boka er borte, kan me gjennom digitale framstillingar nok ein gong bla i nokre av handskriftene frå norske bokkister – kor fragmentariske dei enn måtte vere.
Frankrike, 1200-talet
Dette breviariet er sett saman av fjorten fragment nytta som innbinding på ni ulike skattelister frå Tønsberg. Det rekonstruerte handskriftet inneheld fleire songar og éin lesetekst til bruk for fleire dagar: Sankt Stefan, Kristi openberringsdag, onsdag og torsdag etter fyrste sundag etter Kristi openberringsdag, niande og sjuande sundag før påske, påske, Peter og Paulus, og Peters lekkjer. Desse dagane er spreidde gjennom året, noko som tyder på at heile eller mesteparten av boka vart nytta som innbindingsmateriale i Tønsberg.
Det rekonstruerte breviariet er om lag 250 mm høgt og 200 mm breitt, med teksten i éin kolonne. Skrifta er lita, rund og godt utført, med initialar og store forbokstavar i blått og raudt. Musikken er notert med kvadratnotasjon på notelinjer, eit klart teikn på at boka vart laga på 1200-talet.