Under prosjektet Frå handskriftsfragment til bokhistorie (2012-2017) blei det eksperimentert med ulike måtar å setje saman fragment til virtuelle handskrift. Sjølv om ein ikkje kjem unna at det meste av boka er borte, kan me gjennom digitale framstillingar nok ein gong bla i nokre av handskriftene frå norske bokkister – kor fragmentariske dei enn måtte vere.
Noreg (Trondheim?), andre halvdel av 1100-talet
Feiringa av den engelske helgenen Alphegus er eitt av fleire uvanlege trekk ved dette fragmenterte missalet frå 1100-talet. Alphegus (eller Ælfheah), erkebiskop av Canterbury, vart teken som gissel av danskane i 1012. Då han nekta å betala løysepengar, tok dei livet av han, og gjorde han dimed til martyr. Alphegus-kulten hadde lite gjennomslag utanfor England, og dette missalet inneheld den einaste referansen til helgenen som er kjend i Noreg.
Sankt Alphegus-missalet er pusla saman av 41 små til mellomstore fragment i Riksarkivet. Det inneheld delar av liturgien for jul, faste og påske. Liturgiforskaren Lilli Gjerløw registrerte fleire fragment frå missalet i notata sine som Mi 75. Fragmenta var nytta som innbinding på skattelister frå Trondheim, og i dette tilfellet er det godt mogleg at missalet vart skrive og brukt i Trondheim.
Det finst tre skrivarhender blant dei overleverte fragmenta. Musikknotasjonen og dei fargelagde initialane er særs karakteristiske og lette å kjenna att. Eitt av kjenneteikna ved missalet er det avslappa forholdet skrivarane har til linjering og dimensjonar. Det er ei nyttig påminning om at kodikologi er langt meir enn «målestokkens kunst».
England eller Frankrike, slutten av 1200-talet
Dette missalet, som har fått namn etter området der det var i bruk etter mellomalderen, vart skrive i England eller Frankrike på slutten av 1200-talet. Dei overleverte fragmenta inneheld songar, bøner og bibellesnader til bruk i tida frå den åttande sundagen før påske til påskehelga. Fleire av dei rekonstruerte blada fylgjer rett etter kvarandre, sjå til dømes epistelen «Libenter suffertis», som tek til nedst på side 6 (folio 2v) og held fram direkte på neste blad (folio 3r, eller side 7).
Det rekonstruerte missalet er om lag 28 cm høgt og 18 cm breitt, med teksten distribuert i to kolonnar på kvar side. Initialane vekslar mellom blå med raude sløyfer og raude med blå sløyfer, medan raudt er nytta til rubrikkane, folieringa («sidetal»), linjefyll og notelinjer, så vel som til å understreka store bokstavar i sjølve teksten. Skrifta er gotisk og elegant, og ser ut til å vera skriven av éi hand, i alle fall i hovudteksten.
Fragmenta frå dette missalet kom frå fire ulike skattelister, alle saman frå det same området av Nord-Noreg (Nordland og Vesterålen), med dateringar som fylgjer rett etter einannan: 1626, 1627, 1628 og 1629. Dette tyder på at missalet, eller delar av det, vart oppbevart på same stad og nytta som innbindingsmateriale der over fleire år.
Noreg (Trondheim?), fyrste halvdel av 1100-talet
Dette missalet skil seg ut ved å vera særs mangfaldig i stil og innhald. Dei ulike einingane, registrerte som tre ulike missale (Mi 24, Mi 25 og Mi 64) av liturgiforskaren Lilli Gjerløw, kan koplast saman av di alle har dei same «klønete» sekundære rubrikkane. Tilstanden til manuskriptet tyder på at arbeidet med å setja inn rubrikkar og initialar aldri vart ferdigstilt. Desse har somme stader vorte sett inn meir eller mindre tilfeldig eller der det var heilt nødvendig. Det opphavlege manuskriptet var om lag 28 x 20 cm.
Eitt av kjenneteikna ved manuskriptet er festdagen til den engelske helgenen Edvard, som vart feira 18. mars. Edvard vart konge av England som 13-åring, og myrda av fiendar alt som 16-åring. Sjølv om han ikkje døydde for trua si, oppnådde han martyrstatus. Så vidt me veit, var ikkje Edvard mykje dyrka i Noreg. Det var heller ikkje den franske helgenen Symphorian (22. august), som òg er feira i missalet. Både i stil og innhald er påverknaden klart «anglo-fransk».
Det ser ut til å vera fem ulike skrivarhender i manuskriptet, og to ulike personar har stått for rubrikkane. Den eine av desse står òg bak i det minste somme av initialane. Fragmenta vart nytta til å binda inn skattelister frå Vardøhus og Trondheim, og det er ikkje unaturleg å knyta produksjonen av manuskriptet til Trondheim i dette tilfellet.
Ukjent opphav, midten eller andre halvdel av 1100-talet
Påskesekvensmissalet er eit vakkert, gåtefullt missale frå midten eller andre halvdel av 1100-talet. Fragmenta kjem både frå dei generelle festdagane i kyrkjeåret (temporale), fyrst og fremst vekene før påske, og frå helgenfestane (sanctorale). Helgenfestane er Peter og Paulus i juni, og Marias himmelfart i august. Det er mogleg at temporale- og sanctoralefeiringane var kombinerte i éi bok. Frå same bok finn me òg fragment frå til dømes dødsmesser.
To fragment med tekst av den same skrivaren inneheld ein sekvens (ein type song), Fulgens preclara, for påskedag. Er fragmenta frå same bok, eller frå ei separat sekvensbok? Om dei kjem frå same bok (noko som er sannsynleg), var då sekvensen plassert saman med resten av påskeliturgien, eller saman med andre sekvensar lengst bak i boka? Sidan andre fragment stammar frå den delen av boka som kjem direkte før påskedag (femte sundag i fastetida og palmesundag), er det ikkje usannsynleg at sekvensen var integrert med resten av liturgien i kyrkjeåret.
På grunn av det «ikkje-heilt-engelske» inntrykket missalet gjev, har Noreg vorte føreslått som opphavsland, men boka kan òg ha kome frå England, eller frå områda rundt Den engelske kanalen, som til dømes Flandern.
England, midten av 1100-talet
Det finst 23 fragment frå dette missalet, som truleg blei skrive i England rundt midten av 1100-talet. Boka målte opprinneleg ca. 35 x 26,5 cm. Teksten var fordelt på to kolonner og hadde enkel, men fine initialar i rødt, blått og grønt.
Missalet har fått mest merksemd for Langfredagsliturgien. Ifølge liturgi-forskaren Lilli Gjerløw (som ga handskriftet namnet Mi 12) er innhaldet ein kombinasjon av dei eldre engelske klosterinstruksane (Regularis Concordia frå ca. 970) og Decreta Lanfranci, som blei innførte eit århundre seinare av Lanfranc, erkebiskop av Canterbury (1070-1089). Lanfranc hadde først og fremst Christ Church, Canterbury, i tankane, men Decreta Lanfranci blei også tatt opp av andre, tilknytta kloster. Vårt missale fylgjer i det store og heile Lanfranc, men har inkludert dei gamle Langfredagsbønene og korsritualet (sjå fol. 8).
Eit anna norsk missalefragment, MS 1549,2 i Universitetsbiblioteket i Bergen, inneheld også Langfredagsliturgien.