På denne sida kan du lære meir om norske bokfragment og finne grunnleggjande informasjon om dei liturgiske bøkene som ein ofte finn i fragmentsamlingane. Mellomalderhandskrift er ei kulturarv som syner tidlegare tiders kunnskap, religiøse praksis og handverk. I Noreg blei dei fleste handskriftene øydelagde eller reduserte til fragment i løpet av det sekstande og syttande århundret. Dei slitesterke pergamentsidene blei gjenbrukte til praktiske ting, ikkje minst som innbindingsmateriale for papirbøker eller -hefte. I dag husar Riksarkivet og andre offentlege samlingar ca. 6000 fragment frå rundt tusen «gjenbrukte» handskrift.
Eit gigantisk puslespel
I over hundre år har forskarar kopla saman bitar frå dei gamle handskriftene. Dette arbeidet pågår framleis og var også et viktig element i forskingsprosjektet ‘Frå handskriftsfragment til bokhistorie’ (2012-2017) finansiert av Bergens Forskningsstiftelse og Universitetet i Bergen. I løpet av prosjektet blei eit fleirtal av de norske fragmenta fotografert og betydelege identifiseringar gjort. Foto og grunnleggjande metadata av norske fragment i Riksarkivet er tilgjengelege i MeLOD (sjå knapp på øvste linja), eit rammeverk for forskingsdata som er eit tilbod frå Universitetsbiblioteket i Bergen.
Den digitale nøkkelen
Det digitale formatet gjer det lettare å «gjenskape» den boka som ein gong eksisterte. I dag legg standardformat og programvare til rette for digitale samankoplingar av fragment til virtuelle handskrifter. At bokbandet er borte og fragmenta er oppbevarte i separate samlingar, kanskje til og med i forskjellige land, er ikkje ei stor utfordring i den digitale verda. Eit utval av digitalt «gjenskapte» handskrifter er tilgjengelege via knappen Virtuelle handskrift ovanfor.
Utforsk gjerne denne nettsida og bla gjennom nokre av dei virtuelle handskriftene!