Frå Frankrike til Nidaros – musikkbøker på vandring

 10. februar 2017

Eit utsnitt frå det rekonstruerte antifonariet

Blant fragmenta frå bøker med musikknotasjon, som graduale og antifonarium, finst det mange fragment som kan knytast til Trondheim, og som òg syner teikn på å vera av fransk opphav - det rekonstruerte antifonariet frå Nidaros er eit døme. I tillegg er det òg mange fragment frå norske antifonarium og graduale med Trondheims-tilknyting som viser teikn på fransk påverknad. Kva kan dette koma av?

Frå midten av 1100-talet og frametter viser historiske kjelder at nordmenn med jamne mellomrom drog til Frankrike. Tre erkebiskopar på rad – Øystein Erlendsson (d. 1188), Eirik Ivarsson (d. 1213) og Tore Gudmundsson (d. 1214) – hadde opphald ved det namngjetne St Victor-klosteret i Paris, og det same hadde biskop Tore av Hamar (d. 1196), som til liks med Eirik vart kannik ved St Victor. Dette var òg ei tid då fleire norske religiøse institusjonar anten vart grunnlagde eller utbygde – blant desse er Elgeseter-konventet i Trondheim, so vel som sjølvaste Nidarosdomen.

Gruppa av fragment frå graduale og antifonarium som er knytte til Trondheim, kan stort sett daterast til andre halvdel av 1100-talet. Det er freistande å spekulera på om det finst ein samanheng mellom desse fragmenta og dei religiøse institusjonane i byen, meir spesifikt domkapitlet og Elgeseter-konventet. Det sistnemnte vart grunnlagt av erkebiskop Øystein Erlendsson sjølv, og sidan både han og etterfylgjarane hadde band til Frankrike, er det ikkje overraskande om desse banda speglar seg i talet på overlevande musikkmanuskript. 

Ei bok frå Noregs eldste by?

 5. januar 2017

Ein initial frå Tønsberg-breviariet

Tønsberg skal vera den eldste byen i Noreg, grunnlagd i 871. Han var òg ein av dei viktigaste norske byane i mellomalderen, og hyste den største festninga i landet, Tunsberghus, så vel som premonstratensarklosteret tileigna Sankt Olav – eit kloster som kan ha ått Tønsberg-breviariet.

Premonstratensarane var ein fransk orden av regulære kannikar (prestar som ville leva saman i samfunn) som kom til Noreg på 1100-talet. Klosteret i Tønsberg var eitt av to premonstratensarhus i mellomalder-Noreg; det andre var Dragsmark i Bohuslen, dagens Sverige. Båe desse husa ligg no i ruinar.

Manuskriptet kjent som Tønsberg-breviariet fekk namnet sitt frå det faktumet at alle fragmenta det er sett saman av, vart nytta som innbinding på skattelister frå Tønsberg. Vil det seia at breviariet var i bruk i Tønsberg i mellomalderen? I så fall, er det mogleg at boka høyrde til premonstratensarklosteret? Basert på skrift og generell utsjånad kan boka vera av fransk opphav. Sidan abbeden i klosteret vitja generalkapittelet («ordensmøtet») i Prémontré med jamne mellomrom, er det ikkje vanskeleg å forklara korleis liturgiske bøker av fransk opphav kunne finna vegen til Tønsberg i mellomalderen. 

Engelske martyrar i virtuelle manuskript

 22. desember 2016

Det fragmenterte bladet med liturgi for St. Alphegus

Dei tette banda mellom England og Noreg i dei fyrste hundreåra etter kristninga av Noreg sette spor etter seg i norske liturgiske bøker. Eit par engelske martyrar har funne vegen til dei virtuelle bøkene på denne nettsida: den eine av dei ein ung konge, den andre erkebiskop av Canterbury. To missale er oppkalla etter dei: Sankt Edvard-missalet og Sankt Alphegus-missalet

Sankt Edvard vart konge av England alt som 13-åring, og vart myrda tre år seinare, 18. mars 978. Som vanleg var i mellomalderen, vart dødsdagen til helgenen feira som dagen han vart fødd på ny. Feiringa av Sankt Edvard var ikkje utbreidd i Noreg.

Det var heller ikkje feiringa av Sankt Alphegus (Ælfheah), erkebiskop av Canterbury, som leid martyrdøden under danskane 19. april 1012. I 1023 sytte den danske kong Knut for at lekamen til Alphegus vart overført til katedralen i Canterbury. Det at Alphegus står nemnd i missalet, har truleg å gjera med ein eldre tradisjon i ein av institusjonane i Trondheim.  Nidarholm kloster, til dømes, vart kan henda grunnlagt for fyrste gong under styret til kong Knut. 

Ein syngjande skrivar i Bergen

av Åslaug Ommundsen 22. desember 2016

Sankt Edmund-antifonariet

Blant dei mange fragmenta i Riksarkivet finn me fleire blad og delar av blad frå bøker produserte av ein oppsiktsvekkjande skrivar, ein mann som arbeidde i Bergen tidleg på 1200-talet. Skrivaren var mest truleg kantor i ein av dei kyrkjelege institusjonane i Bergen. Han er mest kjend for Den gammalnorske homilieboka, den eldste norske boka på norrønt som har overlevd. Homilieboka inneheld preiker og andre religiøse tekstar, inkludert ein versjon av legenda om Heilag Olav på folkemålet. Dei latinske songane til bruk for olsokfeiringa (29. juli) har heldigvis overlevd i det fragmentariske Sankt Edmund-antifonariet

Fragmenta frå eit antifonarium og eit missale vart fyrst kopla til Homilieboka i 1968 av liturgiforskaren Lilli Gjerløw, men det tok tid før ein innsåg kor viktig dette funnet var. På dette tidspunktet rekna ein med at fem skrivarar stod bak Homilieboka: fire i sjølve boka, og éin i dei liturgiske fragmenta. For nesten ti år sidan påpeikte Michael Gullick at dei ulike «hendene» høyrde til ein og same person, og no er det brei semje om at han har rett.

Kva kan me læra om denne skrivaren ut frå det overleverte materialet? Fyrst og fremst må han ha vore særs produktiv, sidan me har restar av fire bøker frå handa hans. Han må ha skrive mange fleire, men minst 90 prosent av norske mellomalderbøker har sporlaust gått tapt. For det andre var homiliebokskrivaren særs ressurssterk og i stand til å ferdigstilla eit manuskript tilsynelatande utan hjelp frå andre: Alt av rubrikkar, dekorerte initialar og musikknotasjon er utført av skrivaren sjølv. Musikknotasjon var ein spesialisert dugleik, så det er truleg at skrivaren var kantor, ansvarleg for liturgisongen i institusjonen der han høyrde heime, og dessutan ansvarleg for dei liturgiske bøkene.

Stilen hans er så unik at til og med når han ikkje sjølv skreiv teksten, kan initialane, rubrikkane og musikknotasjonen hans kjennast att i eit anna handskrift, Sankta Lucia-antifonariet, der han arbeidde med, eller lærte opp, tre andre skrivarar. Den syngjande skrivaren var ikkje åleine, når alt kjem til alt, han var berre i ein klasse for seg sjølv.